Sogn damebunad med rød vest

kr 28 500

Leveringstid: 1,5 mnd.

Pris inkluderer stakk med vest, forkle, veske, stoffbelte

Sølv og skjorte kommer i tillegg.

Denne damebunaden frå Sogn blei brukt på slutten av 1700-tallet og byrjinga av 1800-talet. På starten av 1900-talet blei den igjen teken fram.

På den broderte borden nede på skjørtet kan ein velge mellom fargane grønt, burgunder raudt eller blått.

Det er to ulike skjorter til bunaden, og ein kan velge mellom kvit, brodert linskjorte, eller grøn silkeskjorte med innfelt brodert halvskjorte og mansjettar i lin.

Silkeskjorta blir vanlegvis bruka av vaksne kvinner.

I staden for svart belte kan ein bruke sølvbelte. Det skal vere svarte strømper og bunadsko til bunaden. Som ytterplagg brukar ein vanlegvis cape.

 

Beskrivelse

  • Vest

    Vesten er laga i brokade av viskose eller silke og er fôra med baskerlin. Dei vanlegaste fargane er i svart, burgunderraud eller grønt, men gult er også ei moglegheit. Rundt forkant og ermhull er vesten kanta med svart fløyel. Vesten er sydd fast til skjørtet.

  • Stakk

    Skjørtet er laga i svart ullstoff og er rynka i midja. Nedst på skjørtet er det ein brodert kant i ei kontrastfarge. Fargane på skjørtekanten kan vere i grønt, burgunderraudt eller blått. Skjørtet har ei smal linning i livet som er sydd fast til vesten.

  • Forkle

    Forkleet er laga i et vevd ullstoff med ruter og striper vevd inn i fargane raudt, gult og grønt.

  • Belte

    Beltet er laga i svart elastisk fløyel og blir lukka med ei sølvspenne. Om ønskeleg kan ein også bruke sølvbelte.

  • Veske

    Her kan ein velge mellom einsfarga svart veske i same stoff som stakken eller veske i brokade som er lik vesten.

  • Skjorte-hvit

    Kvit bunadskjorte er laga i lin med svart handbroderi på krage, mansjettar og bringelist.

  • Grøn skjorte

    Grøn skjorte er også eit alternativ.

    Grøn skjorte i silkeduchess med opning i front som blir knept med sølv- eller tinnknappar. Skjorta har ikkje krage. Under skjorta blir det brukt ei kvit halvskjorte i lin med brodering på krage. I tillegg er det lause, broderte mansjettar i lin som er festa til skjorta.