Voss mannsbunad

kr 49 150

Leveringstid 45 dager

Den bunaden som finst i dag, er laga med bakgrunn i informasjon som er samla inn rundt om i området.

Frå 1860 og framover starta ein med å bruke jakke og lukebukse i svart klede og raud vest.

Etter 1950-talet blei det vanleg å ha vest med grøn innfelling på den raude vesten

Kategori:
 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.

  • Vest

    Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med innfelling av grønt ullklede i front. Vesten er kanta med raude og grøne ullband. Bomullstoff i ryggen.

  • Bukser

    Ein kan velje mellom fire ulike bukser til bunaden:

    Knebukse med knappegylf, knebukse med lukeopning, lang bukse med knappegylf og lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

     

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper, og som hoseband foreslår vi art. 50123. Det er vanleg å bruke hatt.