Vestfold damebunad modell 1932 i farge svart

kr 19 500

Pris inkluderer bunad med brodert veske , brodert lue . Håndvevd belte.

Cape, sølv og skjorte kommer i tillegg.

Denne bunaden blei ferdig og presentert første gang i 1932 av Ragnar Nordby.

Han reiste rundt i Vestfold for å samle inn informasjon frå eldre menneske for å lage denne bunaden.

Bunaden er kopiert etter gamle draktdelar funne rundt om i Vestfold fylke.

Motivet til veske og lue er frå et kistelokk frå Stokke.

Bunaden fins i svart eller blå ullklede.

Cape med same broderi motiv som lue og veske er ytterplagg.

Til denne bunaden høyrer det kvite strømper og svarte bunadsko.

Produktnummer: 4224704 Kategori:
 

Beskrivelse

  • Kjole/stakk på bildet

    Kjolen/stakken er i klede av ull og har same farge på vest og stakk. Vesten har ullband rundt ermehol og rundt halsopning. Vesten er fôra med baskerduk. Nedst på skjørtet er det ei raud tvinna ullsnor og ein innfelt grøn kant. Ei bandbreidde opp er det sydd på eit ullband med gult og raudt mønster.

  • Belte

    Gult ullband med raudt mønster, same band som er sydd fast nede på skjørtet, blir brukt som belte. Ei sølvspenne er lås.

  • Veske

    Veska er pynta med rosemålingsmønster og laga i same materiale som stakken. Rundt kanten av veska er det sydd fast ein bise.

  • Lue

    Lua har lik brodering som veska bak og som kantene på capet. Den er laga i same ullstoff som stakken og har kanting av same materialet rundt lua.

  • Skjorte

    Kvit skjorte i lin med handbroderi på krage, bringelist og mansjettar.

    Om ønskeleg kan ein velge kvit skjorte utan broderi i 100% bomull med nuperellar.