Valdres herrebunad

kr 50 700

LEVERINGSTID 45 DAGER

Bunaden med svart jakke er den som har vore i bruk lengst i Valdres.

Bunaden blei utvikla og sett i produksjon i 1962.

Jakka er ein kopi av ei trøye frå 1860–70 frå Søre Garli i Nord-Aurdal.

Buksa er frå Sør-Aurdal frå 1880–90 åra.

Vesten er ein kopi frå Robøle.

Fleire detaljar om bunaden

Kategori:
 

Beskrivelse

  • Kort jakke

    Kort, open jakke med ståkrage og slag i svart klede. Ein kan velje svart eller brun fløyel på krage, på forkant og på ermer.

  • Vest i rutete stoff

    Dobbeltspent rutet vest med ståkrage og slag i ullstoff. Baskerlin i rygg.

  • Bukser

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

  • Til bunaden tillegg i prisen:

    Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50110 eller 50114.