Troms damebunad

kr 28 300

Troms damebunad.

Pris inkluderer stakk, vest, forkle, skaut.

 Leveringstis 1,5-2 mnd.

Bunaden blei første gong presentert på Troms Ungdomsfylkingsstevne i Senjahopen i 1973.

I samarbeid med BUL Tromsø blei arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for bunaden starta i 1967.

Vesten til bunaden har utgangspunkt i eit kjoleliv frå Gratangen, og som er å sjå på Tromsø Museum.

Fasongen på stakken er henta frå ein brudekjole fra Sør-Senja.

Til denne bunaden kan ein velge mellom kvite skjorte med broderi eller skjorte utan broderi med nuperellar.

Som ytterplagg blir det brukt cape.

Det er vanleg å benytte halstørkle i ulike fargar, svarte strømper og bunadsko til denne bunaden.

Produktnr: 4942547 Kategori:
 

Beskrivelse

  • Kjole/stakk

    Bunaden er i ullstoff med ein rutet effekt av vertikale striper og innfelt fløyelsband på tvers nedst.

    Kjolelivet er i brokade som er eit blandingsstoff av bomull/viskose. Ein kan velge mellom fargane raudt eller gyllent.

     

  • Forkle

    Forkleet er i svart mercerisert bomull med kvite, vertikale striper langs ytterkantane og tilsvarande tverrstriper nedst.

  • Cape

    Cape er i svart ulldrape med raudt fôr.

  • Hodeplagg

    Om ein vil, kan ein velge skaut eller lue i svart silkebrokade.