Sunnfjord mannsbunad

kr 64 150

Leveringstid 45 dager 

Bunaden byggjer på draktmateriale frå store delar av 1800-talet.

Jakka har stilhistorisk slektskap med moten på 1700-talet.

Bunaden blei utarbeidd av Sunnfjord Ungdomslag med utgangspunkt i gamle plagg som i dag heng på Sunnfjord Folkemuseum.

Dei første bunadene blei produsert 1964.

Fleire detaljar om bunaden

Kategori:
 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open, lang jakke utan krage i raudt vadmel.

    Artikkel: 22131-1003S-438 Raud

    Artikkel: 22131-1003S-622 Rust

  • Vest

    Enkelspent olivengrøn vest med ståkrage i vadmel. Ryggen er i naturkvit vadmel. Vesten er kanta med svarte ullband rundt krage og i framkant.

    Artikkel: 21231-1003s-329 Olivengrøm

  • Knebukse

    Knebukse med lukeopning i svart vadmel og heilfôra med eit elastisk materiale.

    Artikkel: 22631-1003S-0 Svart

  • Belte

    Korstingbrodert belte med ei brei spenne i messing eller sølv.

  • Til bunaden tillegg til prisen

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50112. Det er vanleg å bruke hatt.