Sogn mannsbunad – rød jakke

kr 39 100

Bunaden byggjer på klesskikken slik den var i dei midtre og indre delane av Sogn frå første halvdel av 1800-talet. Jakka har røter attende til Streglatrøya på 1500-talet, og vestane har inspirasjon frå empiremoten tidleg på 1800-talet.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dager

 

Beskrivelse

  • Jakke

    Lang, open jakke med ståkrage i raudt vadmel. Den er kanta med grøne ullband rundt jakke, krage og ermvifte, grøn dekor på krage.

    Artikkel nr: 22120-545-644 Raud vadmel

  • Vest

    Enkelspent vest med ståkrage i grønt ullklede. Baskerlin i rygg. Den er kanta med raude ullband i framkant og svarte ullband rundt krage.

    Artikkel nr: 20220-139-953 Grøn klede

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.

    Artikkel nr: 22622-149-190-TU10051V-1000 Svart klede

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50123 eller 50114.