Sogn damebunad med kvit skjorte

kr 28 500

Leveringstid 1,5 mnd.

Pris inkluderer stakk med vest, forkle, veske, stoffbelte. Skjorte og sølv kommer i tillegg

Denne damebunaden frå Sogn blei brukt på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet.

På starten av 1900-talet blei den teken fram att. På den broderte borden nede på skjørtet kan ein velge mellom fargane grøn, burgunderraudt eller blått.

Det er to ulike skjorter til bunaden, og ein kan velge mellom kvit, brodert linskjorte, eller grøn silkeskjorte med innfelt brodert halvskjorte og mansjettar i lin. Silkeskjorta blir vanlegvis bruka av vaksne kvinner.

I staden for svart belte kan ein ha sølvbelte. Til bunaden er det svarte strømper og bunadsko. Som ytterplagg er det cape.

 

Beskrivelse

  • Vest

    Vesten er laga i brokade av viskose eller silke, og er fôra med baskerlin. Dei mest vanlege fargane er svart, burgunderraudt eller grønt, men kan også velge gult. Rundt forkant og ermeholl er vesten kanta med svart fløyel. Vesten er sydd fast til skjørtet.

  • Skjørt/stakk

    Skjørtet er laga i svart ullstoff og er rynka i midja. Nedst på skjørtet er det ein brodert kant i ei kontrastfarge. Fargar på skjørtekanten kan vere grøn, burgunderraudt eller blått. Skjørtet har ein smal linning i livet som er sydd fast til vesten.

  • Forkle

    Forkleet er laga i et vevd ullstoff med ruter og striper vevd inn i fargane raudt, gult og grønt. Oppe i midja er forkleet kanta med eit svart silkeband som er forlenga og blir knytt bak.

  • Belte

    Belte er laat i svart elastisk fløyel og blir lukka med ei sølvspenne. Om ønskeleg kan ein også ha sølvbelte.

  • Skjorte – Kvit

    Skjorta er laga i lin med svart broderi på krage, mansjettar og bringelist.

  • Skjorte – Grøn

    Ein kan også velge grøn skjorte.

    Grøn skjorte i silkeduchess med opning i front som blir knept med sølv- eller tinnknappar. Skjorta har ikkje krage. Under skjorta blir det brukt ei kvit halvskjorte i lin med brodering på krage. I tillegg er det lause, broderte mansjettar i lin som er festa til skjorta.