Beskrivelse
-
Vest
Vesten er laga i brokade av viskose eller silke, og er fôra med baskerlin. Dei mest vanlege fargane er svart, burgunderraudt eller grønt, men kan også velge gult. Rundt forkant og ermeholl er vesten kanta med svart fløyel. Vesten er sydd fast til skjørtet.
-
Skjørt/stakk
Skjørtet er laga i svart ullstoff og er rynka i midja. Nedst på skjørtet er det ein brodert kant i ei kontrastfarge. Fargar på skjørtekanten kan vere grøn, burgunderraudt eller blått. Skjørtet har ein smal linning i livet som er sydd fast til vesten.
-
Forkle
Forkleet er laga i et vevd ullstoff med ruter og striper vevd inn i fargane raudt, gult og grønt. Oppe i midja er forkleet kanta med eit svart silkeband som er forlenga og blir knytt bak.
-
Belte
Belte er laat i svart elastisk fløyel og blir lukka med ei sølvspenne. Om ønskeleg kan ein også ha sølvbelte.
-
Skjorte – Kvit
Skjorta er laga i lin med svart broderi på krage, mansjettar og bringelist.
-
Skjorte – Grøn
Ein kan også velge grøn skjorte.
Grøn skjorte i silkeduchess med opning i front som blir knept med sølv- eller tinnknappar. Skjorta har ikkje krage. Under skjorta blir det brukt ei kvit halvskjorte i lin med brodering på krage. I tillegg er det lause, broderte mansjettar i lin som er festa til skjorta.