Romsdal damebunad, Bolsøy blå

kr 34 500

Leveringstid 2-3 mnd.

Prisen inkluderer stakk, vest, veske, lue, brodert lin skjorte.

Bunad leveres med rød  og blå  farge på vesten .

Tidleg på 1900-talet blei dei første broderte damebunadane frå Romsdal tekne i bruk.

Det fins fire ulike bunader frå Romsdal. Bolsøybunaden som er den mest brukte bunaden, blei teikna i 1940-åra av Mali Furunes.

Bunaden er inspirert av draktmateriale frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet.

Den første Bolsøybunaden var ferdig i 1947.

Bunaden har vest og skjørt som to separate delar.

Vest og skjørt er å få i einsfarga blå, grøn eller med blått skjørt og raud vest.

Som ytterplagg blir det bruka cape i lik farge som skjørtet.

Raude eller mørkeblå strømper og svarte bunadsko høyrer til denne bunaden.

Produktnummer: 4942527 Kategori:
 

Beskrivelse

  • Vest

    Laus vest i ullstoff med brodering i front og bak. Vesten er fôra med baskerlin og blir lukka med hekter i front. Ein kan velge mellom blå eller raud vest.

  • Skjørt/stakk

    Blått skjørt i 100% ull med handbrodering nede på skjørtet. Skjørtet har linning i midja, rynker midt bak og folder i sidene.

     

  • Lue

    Blå lue i 100% ull-kanvas med handbrodering bak.

  • Skjorte

    Hvit skjorte i 100% lin med handbroderi på krage, bærestykke og mansjettar.