Rogaland Løland damebunad m. beige vest

kr 32 000

Prisen inkluderer bunad med stakk i ulldrapé, forkle, sjal , belte ,  veske og lin skjorte. Cape, underskjørt, hodeplagg, sølv og sko kommer i tillegg.

Bunaden blei laga ut i frå det som var kjent som draktskikk på 1800-tallet. Mønsteret er kopiert frå eit gamalt sjal, som kjem frå Løland i Suldal kommune, og bunaden blei første gang utstilt i 1927 på Stavanger Museum. Tulipanmønsteret er kjent motiv frå rosemalingstradisjonen i Rogaland. Bunader med Løland-mønsteret blei raskt utvikla og teke i bruk rett etter utstillinga i 1927.

Bunaden blir laga i svart eller blått ulldrape med mange ulike valgmoglegheiter av brokade på vesten/livet.
I staden for svart belte kan ein bruke sølvbelte.

Cape som ytterplagg.

Til bunaden er det svarte eller raude strømper og svarte bunadsko.

Produktnr: 4224556 Kategori:
 

Beskrivelse

  • Forkle

    Handbrodert forkle i 100% ulldrape og i same materiale og farge som skjørtet/stakken.

  • Sjal

    Handbrodert sjal i 100% ulldrape og i same materiale og farge som skjørtet/stakken.

  • Lue

    Handbrodert lue i 100% ulldrape og i same materiale og farge som stakken.

  • Veske

    Handbrodert veske i 100% ulldrape og i same materiale og farge som skjørtet/stakken.

  • Skjorte

    Skjorte i kvit 100% lin med handbroderi på krage, mansjetter og langs opninga i front.

    Om ønskeleg kan ein velge skjorte med nuperellar og utan broderi.

  • Belte

    Til belte kan ein velge mellom same materiale og farge som i stakken eller i fløyel.

  • Cape

    Cape i svart eller blå 100% ulldrape med raudt for i ullkanvas.