Østfold mannsbunad med kvit jakke

kr 47 500

Leveringstid 45 dager

Bunaden er basert på ein herremote i perioden frå slutten av 1779 til starten av 1800-talet.

Jakka blei på den tida kalla for «kjol».

Jakka/kjolen, vestane og buksa var tidlegare lagra på Ellefsrød i Eidsberg, og er no eigd av Halden Historiske Samlinger.

Det var fleire ulike vestar, og dei vestane som er vanleg å bruke i dag, finn ein att blant originalane frå starten av 1800-talet.

Buksa er basert på ei skinnbukse frå starten av 1800-talet.

Kategori:
 

Beskrivelse

  • Jakke

    Lang, open jakke med ståkrage i kvit eller blå vadmel. Kvit jakke er kanta med grøne ullband på erme, langs krage, på knappelist i front og på framkant og på kanten nede. Blå jakke har tilsvarande turkise ullband.

    Artikkel nr: 22164-545-100 Kvit vadmel

  • Vest – smale eller breie striper

    Dobbeltspent vest i raud og gul smalstripet ullstoff. Grønt stripet ullstoff i ryggen. Eller dobbeltspent vest i raudt breistripet ullstoff. Raudt ullstoff i ryggen

    Artikkel nr: 22264-Østold-0 Østfold Smalstripet

    Artikkel nr: 22264-Østfold Spesial-0 Breistripet

  • Knebukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.

    Artikkel nr: 22664-149-190 Svart klede

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50121 eller 50118. Det er vanleg å bruke hatt.