Øst-Telemark, Beltestakk med raude band

kr 49 000

Kvinnedrakta i Telemark har endra seg gradvis frå 1850 og fram til 1910, og blei etterkvart til det som i dag blir kalla Beltestakk. Frå byrjinga av 1960-talet blei stakken meir og meir brukt, og kopiert frå gamle modellar ein hadde arva. Dette har ført til mange variasjonar av Beltestakken når det gjeld saum og design på forkle, vest og skjorter. Syerskar og systuer syr stakkane på ulike måtar og modellane er avhengig av korleis den opprinnelige stakken som har blitt kopiert, såg ut.

Det som særpregar Beltestakken er det høge livet, noko som gjer at skjørtet blir langt og vesten kort, samt det breie brikkevevde beltet. Nede på stakken er det påsydd eit stivt hjul som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Stoffmaterialet på vesten kan variere mellom einsfarga ullstoff med broderte blomstermotiv, silkebrokader og fløyel. Bordane på forkle er i ullstoff med handbroderte blomstermotiv eller påsydde band i silke- eller ull med ulike fargar og motiv.

Pris inkluderer : stakk med vest, forkle, stor vevdbelte og brodert skjorte.

Sølv kommer i tillegg.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 1,5 mnd.

 

Beskrivelse

  • Stakk/kjole som vist på bildet

    Vesten er laga i raud/svart silkebrokade med dekorband i front og på ryggen. Skjørtet er i svart 100% ullkanvas.

  • Forkle m/band som vist på bildet

    Forkleet er i laga i svart 100% ulldamask og er dekorert med ulike maskinvevde band i raude fargetonar langs sidene og på kanten nede. Øvst på forkleet er det festa eit handvevd forkleband i ull og lin. Det er festa to gonger rundt skjørtet og knytt i front. Bandet har oftast lik farge som beltet.

  • Skjorte som vist på bildet

    Her kan ein velge mellom fleire typar:

    Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er bomull eller silke.

    Art. 21746-B20-110 Kvit skjorte i bomull med korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på bringa. Fargane på broderi er i rosa, svart og grønt.

    Art. 21747-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i raude fargetonar på krage, mansjettar og på bringa.

    Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og på bring.

    Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.

  • Belte i brikkevev

    Handvevd belte i 100% ull i raude fargar. Det er vanleg å lage beltet i fargar lik forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa som på biletet.

  • Hårvippe i brikkevev

    Handvevd hårvippe i 100% ull i fargar som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste vel brikkevevd hårvippe i same fargar som beltet.

    Hårvippa kan vere eit laust band som ein kan flette inn i håret, eller ei ferdig fletta vippe som blir festa med hårnåler til håret.