Beskrivelse
-
Stakk/kjole som vist på bildet
Vesten er laga i raud/svart silkebrokade med dekorband i front og på ryggen. Skjørtet er i svart 100% ullkanvas.
-
Forkle m/band som vist på bildet
Forkleet er i laga i svart 100% ulldamask og er dekorert med ulike maskinvevde band i raude fargetonar langs sidene og på kanten nede. Øvst på forkleet er det festa eit handvevd forkleband i ull og lin. Det er festa to gonger rundt skjørtet og knytt i front. Bandet har oftast lik farge som beltet.
-
Skjorte som vist på bildet
Her kan ein velge mellom fleire typar:
Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er bomull eller silke.
Art. 21746-B20-110 Kvit skjorte i bomull med korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på bringa. Fargane på broderi er i rosa, svart og grønt.
Art. 21747-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i raude fargetonar på krage, mansjettar og på bringa.
Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og på bring.
Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.
-
Belte i brikkevev
Handvevd belte i 100% ull i raude fargar. Det er vanleg å lage beltet i fargar lik forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa som på biletet.
-
Hårvippe i brikkevev
Handvevd hårvippe i 100% ull i fargar som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste vel brikkevevd hårvippe i same fargar som beltet.
Hårvippa kan vere eit laust band som ein kan flette inn i håret, eller ei ferdig fletta vippe som blir festa med hårnåler til håret.