Beskrivelse
-
Stakk/kjole som vises på bildet
Stakken/kjolen til bunaden på biletet er laga i eit kanvas-stoff i 100% ull. Vesten er handbrodert i eit blomstermotiv i lilla farge og har svarte dekorband på rygg og på front. Skjørtet er einsfarga svart i same stoff som vesten.
-
Forkle m/forkleband som vist på bildet
Forkleet er laga i eit ulldamask-materiale og har eit handbrodert blomstermotiv langs sidene og på kanten nede. Øvst på forkleet er det festa eit handvevd forkleband i ull og lin, som er festa to gonger rundt skjørtet og knytt i front. Bandet er i lik farge som beltet.
-
Skjorter til denne fargekombinasjonen er:
Her kan ein velge mellom fleire typar:
Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er bomull eller silke.
Art. 21749-B20-110 Kvite skjorter i bomull med handbrodert
korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på bringa. Broderia er i fargar som broderiet på vest og forkle.Art. 21746-B20-110 Kvit skjorte i bomull med korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på bringa. Fargane på broderi er i rosa, svart og grønt.
Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og på bringa
Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.
-
Belte i brikkevev
Handvevd belte i 100% ull i lilla fargar. Det er vanleg å lage beltet i fargar lik forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa som på biletet.
-
Hårvippe i brikkevev
Handvevd hårvippe i 100% ull i fargar som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste vel brikkevevd hårvippe i same fargar som beltet.
Hårvippa kan vere eit laust band som ein kan flette inn i håret, eller ei ferdig fletta vippe som blir festa med hårnåler til håret.