Øst-Telemark, Beltestakk med aprikosfarge band

kr 49 000

Pris inkluderer : stakk med vest, forkle, stor belte, brodert skjorte. Sølv og andre tilbehør kommer i tillegg.

Kvinnedrakta i Telemark har endra seg gradvis frå 1850 og fram til 1910, og blei etterkvart til det som i dag blir kalla Beltestakk. Frå byrjinga av 1960-talet blei stakken meir og meir brukt, og kopiert frå gamle modellar ein hadde arva. Dette har ført til mange variasjonar av Beltestakken når det gjeld saum og design på forkle, vest og skjorter. Syerskar og systuer syr stakkane på ulike måtar og modellane er avhengig av korleis den opprinnelige stakken som har blitt kopiert, såg ut.

Det som særpregar Beltestakken er det høge livet, noko som gjer at skjørtet blir langt og vesten kort, samt det breie brikkevevde beltet. Nede på stakken er det påsydd eit stivt hjul som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Stoffmaterialet på vesten kan variere mellom einsfarga ullstoff med broderte blomstermotiv, silkebrokader og fløyel. Bordane på forkle er i ullstoff med handbroderte blomstermotiv eller påsydde band i silke- eller ull med ulike fargar og motiv.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dager

 

Beskrivelse

Stakk/kjole som vises på bildet

Vesten er laga i ein kvitblomstra silkebrokade med dekorband i front og på ryggen. Skjørtet er i svart 100% ullkanvas.

Forkle m/aprikos band som vist på bildet

Forkleet er i laga i svart 100% ulldamask og er dekorert med ulike maskinvevde band langs sidene og på kanten nede. Øverst på forkleet er det festa eit handvevd forkleband i ull og lin. Det er festa to gonger rundt skjørtet og knytt i front. Bandet er oftast i lik farge som beltet.

Skjorter

Her kan ein velge mellom flere typar:

Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er bomull eller silke. Kan lage av 100 % lin om det ønskes.

Art. 21749-B20-110 Kvite skjorter i bomull med handbrodert
korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på
bringa. Broderia er i fargar som broderiet på vest og forkle.

Art. 21746-B20-110 Kvit skjorte i bomull med korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på bringa. Fargane på broderi er i rosa, svart og grønt.

Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og på bringa.

Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.

Belte i brikkevev

Handvevd belte i 100% ull i raude fargar. Det er vanleg å lage beltet i fargar lik forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa som på bildet.

Hårvippe i brikkevev

Handvevd hårvippe i 100% ull i fargar som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste vel brikkevevd hårvippe i same fargar som beltet.

Hårvippa kan vere eit laust band som ein kan flette inn i håret, eller ei ferdig fletta vippe som blir festa med hårnåler til håret