Beskrivelse
-
Historie
Denne bunaden er basert på draktskikken frå første halvdel av 1800-talet.
Det fins mange typer vesker til denne bunaden – veska vi har her, er frå området rundt Ålvundfjorden.
Som forkle kan ein velge mellom kvitbrodert i lin eller rutet ullstoff.
Som ytterplagg blir det brukt cape.
Til denne bunaden skal det vere svarte eller raude strømper og svarte bunadsko.
-
Kjole/stakk
Stakken er laga i 100% ull-kanvas i fargane svart eller mørkeblå. Vesten er laga i raud, blå/grønn ulldamask eller kallemank. Rundt hals og i front er det sydd på band med sølvtrådar.
-
Skjorte
Kvit skjorte i 100% lin med brodering på krage, mansjettar og langs opning i front.
Om ønskeleg kan ein velge kvit bomullsskjorte med nuperellar som eit alternativ.
-
Belte
Belte i same materiale og farge som skjørtet. Om ønskeleg kan ein feste sølvstøler på beltet.
-
Veske
Veske i same materiale og farge som stakken, med handbrodert blomstermotiv.