Nordmøre mannsbunad

kr 40 150

Nordmøre Ungdomslag har rekonstruert mannsbunaden, med god hjelp frå enkeltpersonar og andre lag på Nordmøre. Bunaden byggjer på draktmateriale frå første halvdel av 1800-talet. I tillegg til dei ulike plagga som er funne på Nordmøre, har gamle skrivne og fotografiske kjelder vore til nytte under arbeidet med rekonstruksjonen. Bunad- og folkedraktrådet konkluderte med at alle delane på bunaden var svært godt kopiert frå dei gamle originalplagga.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dager

 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open jakke med ståkrage og slag.

    Artikkel nr: 22113-545-700 Blå vademel

  • Vest

    Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i vadmel eller raud/kvit ulldamask. Baskerlin i rygg.

    Artikkel nr: 22213-545-660 Raud vadmel

    Artikkel nr: 22213-680-11-0 Raud/kvit ulldamask

  • Bukse

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i blå vadmel. Buksa blir vanlegvis festa med eit belte nede på hoftene.

    Artikkel nr: 22613-545-700 Blå vadmel, knebukse

    Artikkel nr: 22513-545-700 Blå vadmel, lang bukse

     

  • Til bunaden

    Alt tilbehør kommer i tilleg i prisen.

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50101. Det er vanleg å bruke hatt.