Nordland/Troms mannsbunad

kr 39 150

Den første bunaden blei laga av folkehøgskulelærar Johs. Eidnes i 1924, ut ifrå bakgrunnsmateriale han hadde samla inn rundt om i Troms og Nordland. Han fekk hjelp av skreddarmeister Cornelius Jakobsen til å sy bunaden.

Bunadsnemnda i Troms Ungdomsfylking og Hålogaland Ungdomslag starta i 1978 å lage saumforklaring og å rekonstruere bunaden, slik at det skulle vere mogleg å skaffe seg ein bunad som var så lik originalen som mogleg. Denne bunaden blir brukt både i Nordland og Troms. For Tromsbunad kan ein velje raud eller gul brokadevest.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dager

 Sølv og skjorte kommer i tillegg.

 

Beskrivelse

  • Jakke

    Kort, open jakke med slag og med ståkrage i svart ullklede.

    Artikkel nr: 22103-149-190 Svart klede

  • Vest – Nordland

    Dobbeltspent vest med slag utan krage i grønblomstra brokade eller raudt ullklede. Grågrønt bomullsstoff i rygg.

    Artikkel nr: 22203-20-515-0 Svartis brokade

    Artikkel nr: 22203-149-640  Raud klede

  • Vest – Troms

    Dobbeltspent vest med slag utan krage i gul eller raud brokade. Grågrønt bomullsstoff i rygg.

    Artikkel nr: 22203-50-5070  Granat eple Raud eller Gul brokade

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.

    Artikkel nr: 22603-149-190 Svart klede

  • Til bunaden

    Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt.

    Til knebuksa skal det vere ullstrømper og vi foreslår hoseband art. 50111, 50104, 50119 (Troms).