Masfjord herrebunad

kr 51 300

Leveringstid 45 dager

Masfjordbunaden har røter attende til første delen av 1800-talet.

Bunaden har mange likheitstrekk med bunadene frå Nordhordland.

Jakka har utgangspunkt i den gamalnorske kofta.

På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag.

Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Masfjord har anna design på lommeklaffane og nede på jakkeermet.

På vesten er det stikning på kragen og kanteband langs framkanten.

Fleire detaljar om bunaden

Kategori:
 

Beskrivelse

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag, framkant, lommeklaff, ermsplitt og rundt erme.

    Artikkel nr:

    22119-149-190 Svart ullklede

  • Vest

    Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med grønt ullklede felt inn i front. Ryggen er i ubleikt bomulls lerret. Vesten er kanta med grøne ullband.

    Artikkel nr:

    22219-149-640 Raud ullklede

     

  • Bukse

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart klede.

    Artikkel nr: 22619-149-190 Svart ullklede, knebukse

    Artikkel nr: 22519-149-190 Svart ullklede, lang bukse

  • Til bunaden i tillegg i prisen

    Kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50107.