Indre Nordhordland herrebunad

kr 48 150

 Leveringstid 45 dager.

Nordhordland-bunaden har røter til første delen av 1800-talet.

Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta.

På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag.

Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Indre Nordhordland har ein anna utsjånad på lommeklaffane på jakke og vest.

I tillegg har vesten stikningar på krage og ikkje kanteband i front på vesten.

Fleire detaljar om bunaden

Kategori:
 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag og framkant, og på lommeklaff.

    Artikkel nr: 22153-149-190 Svart klede

  • Vest

    Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med dobbel innfelling av grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband på krage, i framkant og nede på vesten der det er raudt ullklede.

    Artikkel nr: 22253-149-640 Raud klede

  • Bukse

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.( Lang bukse 300 kr i tillegg)

    Artikkel nr: 22653-149-190 Svart klede, knebukse

    Artikkel nr: 22553-149-190 Svart klede, lang bukse

  • Til bunaden

    Kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50107.