Hardanger damebunad med perlebroderi

kr 26 000

Hardanger bunad/stakk- svart stakk med rød vest.

Pris inkluderer  stakk med vest, brodert linforkle.

Skjorte, bringeduk, belte, cape, underskjørt, sølv og sko kommer i tillegg.

Leveringstid 1,5 – 2 mnd.

Hardangerbunad er kanskje den mest kjende bunaden vi har i landet.I ein lengre periode var Hardangerbunaden nærast eit nasjonalsymbol og blei brukt av mange rundt om i Noreg.

Dei første bunadane blei laga på midten av 1800-talet og brukt blant voksne kvinner. Bunaden er framleis populær og gir stor fridom i val av tilbehør som kjem i mange variantar.

Den vide opninga som er framme og ned mot midja på vesten gir rom for den flotte broderte bringeduken. Det fins ei rekkje variantar av bringedukar og belter.

Dei kan vere brodert, vevd eller perletredd.I midja har bunaden eit flott belte som anten er i perlebroderi eller i sølvstøler.

Forkle er alltid kvitt med Hardangerbroderi i ulike variantar. Om ønskeleg kan ein velje hårvippe.Veska er eit produkt som har kome til i ettertid

Det blir brukt svarte eller raude strømper og svarte bunadsko til denne bunaden.

 

Produktnr: 4942558 Kategori:
 

Beskrivelse

  • Stakk/kjole

    Til stoffet på vesten kan ein velge mellom raud eller grønt ullklede, og raudt eller grøn brokade.

    Skjørtet blir levert i svart ulldrape eller ull-kanvas.

    Nede på skjørtet er det påsydd 2 rader med fløyelsband.

  • Forkle som vises på biletet

    Forkle blir levert i følgande variantar:

    Art. 21357-B20-110 Handbrodert forkle laga i bomull med innfelling i lin- broderi.

    Art.21357-IL20 Handbrodert forkle i 100% lin.

  • Skjorte

    Skjorta blir levert i følgande variantar:

    Art. 21757-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med håndbroderi i lin.

    Art. 21757-TL15 Kvit handbrodert skjorte i kvit 100% lin.

     

  • Bringeduk

    Til handbroderte bringedukar fins det mange motiv å velge mellom. Bringedukane er som oftast i korsstingsbroderi eller perletredd.

    På bildet er bringeduken perletredd for hand.

     

  • Belte

    Handbrodert, perletredd belte. Her fins det fleire motiv å velge mellom. Det er mest vanleg å velge belte i same motiv som bringeduk.

  • Hårvippe

    Hårvippa er laga i raudt og kvitt ullbånd som er ferdig fletta.

  • Veske

    Veskene er perletredd for hand og laga i same materiale som skjørtet/stakken.

  • Cape

    Capet blir laga i svart med raudt fôr i ullkanvas. Det går ned til midten av leggen.