Hallingdal Helgestakk – Rutastakk med broderi

kr 14 175

 

Leveringstid : 1,5 mnd.

Pris inkluderer  stakk med rinkefeltet og brodert liv. Skjorte kommer i tillegg.

Helgastakken er fra Ål og Hol i Hallingdal er bygd på draktskikkar frå 1700-talet. Denne stakken var bruka til både kvardag og helg. Det var ofte stoffa som avgjorde bruken av plagget. Den svarte blei brukt til fest, medan blå og grøn var brukt til halvfint og helg, og rutastakken blei brukt til kvardags.

I dag blir stakkane benytta til fest, same kva farge og mønster ein vel. Til ryggen av overlivet, samt på borden nede på stakken fins det fleire variantar av broderi ein kan velge mellom. Rundt kanten av overlivet kan ein velge mellom ulike pynteband.

Det fins ulike variantar av skjorter med og utan broderi. I livet brukar ein belte i svart skinn med sølvspenne.

Til denne bunaden er det svarte strømper og svarte bunadsko.

 

 

Beskrivelse

  • Kjole/stakk på bildet

    Helgastakken blir laga i raudruta stoff i 100% bomull. Til livet som er festa på stakken kan ein velge mellom ulike handbroderi og stoff. Sjå bilete.

    Nede på skjørtet kan ein velge mellom ulike handbroderte border. Midja blir markert med eit belte i lær med ei spenne i sølv.

  • Skjorte

    Det fins ulike skjortemodellar:

    Art. 21702 Skjorte i 100% bomull med blomstermønster i kvit,
    svart, raud eller grøn. Sjå bilete.

    Art. 21701-B20-110 Kvit skjorte med handbroderi på kragen i 100% bomull.

    Art. 21700-B20-110 Kvit skjorte med nupperellar i 100% bomull.

  • Veske

    Om ønskeleg kan ein velge mellom ruta pompadure-veske i same stoff som skjørtet, eller svart einsfarga veske i 100% ull-kanvas.