Hallingdal Helgestakk – mørkblå

kr 31 500

Leveringstid: 1,5 mnd.

Ris inkluderer stakk med rinkefelt og brodert vest.  Skjorte kommer i tillegg.

Helgastakken er fra Ål og Hol i Hallingdal er bygd på draktskikkar frå 1700-talet.

Denne stakken var bruka til både kvardag og helg. Det var ofte stoffa som avgjorde bruken av plagget.

Den svarte blei brukt til fest, medan blå og grøn var brukt til halvfint og helg, og rutastakken blei brukt til hvardags.

I dag blir stakkane benytta til fest, same kva farge og mønster ein vel. Til ryggen av overlivet, samt på borden nede på stakken fins det fleire variantar av broderi ein kan velge mellom.

Rundt kanten av overlivet kan ein velge mellom ulike pynteband.

Det fins ulike variantar av skjorter med og utan broderi. I livet brukar ein belte i svart skinn med sølvspenne.

Til denne bunaden er det svarte strømper og svarte bunadsko.

 

Beskrivelse

  • Kjole/stakk på bildet

    Helgastakken blir laga i mørkeblå 100% ull-kanvas. Til livet som er festa på stakken kan ein velge mellom ulike handbroderi og einsfarga stoff i ulldamask eller brokade, både i front og på ryggen. Sjå bilete.

    Nede på skjørtet kan ein velge mellom ulike handbroderi. Midja blir markert med eit belte i lær med ei spenne i sølv.

    Kjolen blir også laga i svart eller grøn.

     

  • Skjorte

    Det fins ulike skjortemodellar:

    Art. 21702 Skjorte i 100% bomull med blomstermønster i kvit,
    svart, raud eller grøn.

    Art. 21701-B20-110 Kvit skjorte med handbrodering på kragen i 100% bomull.

    Art. 21700-B20-110 Kvit skjorte med nupperellar i 100% bomull.

  • Veske

    Om ønskeleg, kan ein bruke mørkeblå pompadure-veske i same stoff som skjørtet.