Gudbrandsdal, Damask-kjole

kr 19 300

Leveringstid 1,5 mnd.
Pris inkl. stakk med liv . Skjorte kommer i tillegg.

Kjole/ stakk
Kjolen/stakken har mykje til felles med Råndastakken. Vesten er laga i brokadestoff og her kan ein velge mellom mange ulike variantar.
Skjørtet er i ulldamask og foldelagt i livet.
Opplegget et lagt inn i ein hengefald nede på skjørtet.

Veske
Veske kan ein velge å ha i same brokade som vesten eller same ulldamask som skjørtet.

Skjorte
Skjorta er laga i kvit bomull og har nuperellar på krage og mansjettar.

 

Beskrivelse

Gudbrandsdal, Damask-kjole

Damask-kjole frå Gudbrandsdalen har utgangspunkt i dei såkalla livkjolane som var i tradisjonell bruk frå ca. 1830 og framover.

Før denne tida var stakk og liv to åtskilde plagg.

Denne bunaden blir som oftast levert med skjørt i svart eller blå ulldamask og med fastsydd brokadevest.

Bunaden er utan broderi, men til gjengjeld er det eit stort utval av brokader og fargar å velje blant.

Damask-kjol blir med dette personleg og unik ved at ein kan setje saman fargar etter eigne ønske og behov.( spør ved bestilling)

Tilbehør til denne bunaden er kvit bunadskjorte med nupereller. Svart veske i same farge og materiale som skjørtet eller som vesten.

Svarte strømper og bunadsko er vanleg til denne bunaden.

Leveringstid 1,5 mnd.
Pris inkl. stakk med liv . Skjorte kommer i tillegg.