Gauldal mannsbunad

kr 43 470

Bunaden blei utarbeidd av Ragna Rytter på slutten av 1950-åra. Drakta er bygd på ei trøye frå Horg i kvitt skinn og ein rosebragd vest frå Byneset. Originalane er å sjå på Trøndelag Folkemuseum. Lukebuksa blei laga slik dei brukte øvst i Gauldalen, i Rørosdistriktet. Bunaden blei først teken i bruk i 1963.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open, lang jakke med ståkrage i naturkvitt klede.

    Artikkel nr: 22141-49-100 naturkvitt klede

  • Vest

    Enkelspent vest med ståkrage og i stripete ullstoff med rosebragdmønster. Baskerlin i ryggen.

    Artikkel nr: 22241-Gauldal-0

  • Knebukse

    Bukse med lukeopning i svart klede.

    Artikkel nr: 22641-149-190 Svart klede

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

    Kvite naturfarga ullstrømper og hoseband art. 50115 eller 50125.

    Ein kan bruke hatt om ein vil.

    Skjorte og alt tilbehør kommer i tillegg i prisen.