Beskrivelse
-
Jakke
Lang, open jakke med ståkrage og slag i svart ullklede eller svart vadmel. Dekorert med raude biser.
Artikkel nr: 22170-149-190 Svart klede
Artikkel nr: 22170-545-190 Svart vadmel
-
Vest – raud
Dobbeltspent vest utan krage og slag i raudt ullklede. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Det er brodert hjulmønster på lommeklaffane.
Artikkel nr: 22271-139-647 Raud klede
-
Vest – svart
Open vest med ståkrage i svart ullklede. Ryggen er fôra med ubleikt bomullslerret. Kragen er høg med svarte stikningar. På framsida av vesten er det brodert kant, og det er brodert hjulmønster på lommeklaffane. Den svarte vesten skal vere utanpå den raude.
Artikkel nr: 22270-149-190 Svart klede
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart ullklede eller svart vadmel. Dekorert med raude biser.
Artikkel nr: 22670-149-190 Svart klede
Artikkel nr: 22670-545-190 Svart vadmel
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i bomull, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50107. Det er vanleg å bruke hatt.