Borre i Vestfold, herrebunad

kr 47 800

Leveringstid 45 dager

Denne bunaden blei utarbeidd saman med Borre Leikarring i 1937.

Jakka er ein kopi av ei jakke frå garden Trolldalen i Andebu, og er å sjå på Norsk Folkemuseum.

Vesten er ein kopi av ein brudgomsvest frå 1832, og den kjem også frå Andebu.

Buksa er ein kopi av ei skinnbukse frå Kodal. Originalane er på Vestfold Folkemuseum.

Bunaden har røter attende til første halvdel av 1800-talet.

Fleire detaljar om bunaden

Kategori:
 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart vadmel.

    Artikkel nr: 22197-545-190 Svart vadmel

  • Vest

    Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i raudt eller grønt ullklede. Baskerlin i rygg.

    Artikkel nr: 22297-149-960 Grøn klede

    Artikkel nr: 22297-149-630 Raud klede

     

  • Bukser

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart vadmel.

    Artikklel nr: 22697-545-190 Svart vadmel, knebukse

    Artikkel nr: 22597-545-190 Svart vadmel, lang bukse

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det skal vere kvite naturfarga ullstrømper, og vi foreslår hoseband art. 50123 eller 50114. Det er valfritt å bruke hatt.