Aust-Agder Åmli mannsbunad

kr 39 300

Dagens bunad er ein kopi av gamle draktplagg frå midten av 1800-talet. På garden Askeland i Mykland blei det funne ei svart korttrøye og ein småblomstra brokadevest. Even Paulsen Mykland hadde eigd desse plagga, og dei danna grunnlaget for vest og trøye i dagens bunad.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

 

Beskrivelse

  • Jakke

    Open, kort jakke med slag i svart klede.

    Artikkel nr: 22117-149-190 Svart klede

  • Vest

    Dobbeltspent vest med slag, ståkrage i blomstra svart eller blå brokade.

    Artikkel nr: 22217-20-7683-Svart, Gullfax lampas brokade.

    Artikkel nr: 22217-20-5406-Blå,  Dauphin lampas brokade.

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.

    Artikkle nr: 22617-149-190 Svart klede.

  • Til bunaden

    Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50122 eller 50101.