Beskrivelse
-
Vest
Vesten er laga i brokade av viskose eller silke og er fôra med baskerlin. Dei vanlegaste fargane er i svart, burgunderraud eller grønt, men gult er også ei moglegheit. Rundt forkant og ermhull er vesten kanta med svart fløyel. Vesten er sydd fast til skjørtet.
-
Stakk
Skjørtet er laga i svart ullstoff og er rynka i midja. Nedst på skjørtet er det ein brodert kant i ei kontrastfarge. Fargane på skjørtekanten kan vere i grønt, burgunderraudt eller blått. Skjørtet har ei smal linning i livet som er sydd fast til vesten.
-
Forkle
Forkleet er laga i et vevd ullstoff med ruter og striper vevd inn i fargane raudt, gult og grønt.
-
Belte
Beltet er laga i svart elastisk fløyel og blir lukka med ei sølvspenne. Om ønskeleg kan ein også bruke sølvbelte.
-
Veske
Her kan ein velge mellom einsfarga svart veske i same stoff som stakken eller veske i brokade som er lik vesten.
-
Skjorte-hvit
Kvit bunadskjorte er laga i lin med svart handbroderi på krage, mansjettar og bringelist.
-
Grøn skjorte
Grøn skjorte er også eit alternativ.
Grøn skjorte i silkeduchess med opning i front som blir knept med sølv- eller tinnknappar. Skjorta har ikkje krage. Under skjorta blir det brukt ei kvit halvskjorte i lin med brodering på krage. I tillegg er det lause, broderte mansjettar i lin som er festa til skjorta.